Ny hovudtrenar på Varhaug sitt A-lag i fotball
Varhaug har sikra seg Bjørn Erik “Taksi” Taksdal som hovudtrenar i fotballen for sesongen 2018.
Onsdag sikra Varhaug seg ny kontrakt i 4.divisjon etter å ha slått Vigrestad over to kampar.
Bjørn Erik seier:“Jeg gleder meg veldig mye til å komme i gang som trener for Varhaug.
Det er mange unge og gode spillere i klubben som jeg gleder meg til å jobbe sammen med. Det er et engasjement og en interesse rundt fotballen i klubben, som jeg gleder meg til å bli kjent med og som jeg har lyst å være med å utvikle videre. “
Bjørn Erik har lang erfaring som spelar i lokalfotballen og har i tillegg til fleire sesongar i Klepp og Ålgård, spelt for Bryne og FK Tønsberg på nest høgaste nivå fotballen. I 2017 har Bjørn Erik spelt ei sentral rolle på midtbanen på Nærbø, eit lag han har vore trenar og/eller spelar for i dei 5 forutgående sesongane.
Fotballen på Varhaug er glade for å kunna presentere “Taksi” som trenar for det unge Varhaug-laget. Bjørn Erik er ein svært ambisiøs trenar, og me er skråsikre på at me har funne den rette til å overta guttane.
Samtidig vil me takka Jan og Lars Gaute Bø for ein formidabel innsats gjennom fleire år. Dei har vore med og gjeve oss mange gode minner frå fotballen på Varhaug. Mange takk!